Leverer etikettar til drikkeindustrien

Kjetil Hovland budde i Oslo og var leverandør til trykkeribransjen, inkludert etikettrykkeri. Han såg at digitaliseringa kom, men det var ingen som tok sjansen på dette nye da maskinene var dyre og avanserte, og kun produserte små volum. Hovland fann likevel ut at dette måtte vera ein leveveg – og i dag styrer han Digital Etikett frå barndommens grøne dal i Gaupne i Luster, Sogn og Fjordane fylke.
– Eg sa til meg sjølv at om ingen andre tek tak i dette, ja, så gjer eg det sjølv.
Det gjekk troll i ord. Etter 12 år i hovudstaden, det var i 2007, selde familien både hus og bil og la vegen over fjellet. Her vart det investert i maskiner og ein garasje vart «fabrikkhall». I 2014 var garasjen altfor liten, og ein fabrikk i massivtre sto snart klar. I 2017 var grannefabrikken ledig, og Digital Etikett kjøpte den óg.

Etikettmannen Kjetil Hovland.

20 ambassadørar
I 2020 er det 20 «etikettambassadørar» som arbeider inne i Lusterfjorden, og verksemda har fokus på små volum med kjapp omstilling og levering. Her er det ingen trykkplater og fordyrande omstillingskostnader.
– Dette trefte godt i småskalamarknaden i Noreg. Ein aukande trend med stort mangfold passa oss godt, og dette trefte spesielt godt i drikkevarebransjen. Etter at produksjonsmonopolet for brennevin vart borte i 2005, har det kome fleire og fleire til med eigne spanande drikkevarer – både innafor brennevin, øl og sider. Det har liksom vorte spesialiteten vår.

Digital Etikett har det nyaste og siste av utstyr til å produsere digitale effektar som folie, tactil-, preg- og gloss spot. Mange av dei små har etter kvart blitt store, og Gaupne-verksemda har investert i takt med dei, slik at ein no óg tek store serier på mange 100.000 etikettar i opplag.

100 eller 1000 – og same pris?
Det er framleis slik at 100 etikettar kostar det same som 1000 da kunden må betale for to mann som lager etikettene på to maskiner. Den kosten vert fordelt på etikettmengda.
– Da eg byrja å trykke etikettar, vanskeleg å kjøpe så lite som 1000 etiketter. Det skulle helst vera 50.000 og meir, då det tok lang tid å stille inn maskinene. Dette slepp vi i dag, avsluttar Kjetil Hovland som satsar på service både til store og små kundar under mottoet «Ein skal få det ein har bestilt i rett tid – og gjerne litt før».

Er det eigentleg nokon vits med etikettering og merking? Sjå sjølv…