Brennevinsgrova vann BU-prisen i Møre og Romsdal

Brennevinsgrova, eit handverksdestilleri som produserer gin, akevitt og whisky, har fått tildelt Innovasjon Noregs bedriftutviklingspris for Møre og Romsdal for 2024. Prisen stadfestar bedrifta sin innsats innan merkevarebyggjing, innovasjon og lokal verdiskaping.

– Vi er utruleg takknemleg for denne stadfestinga av det vi arbeider med, seier Harald Strømmegjerde, grunnleggjaren av Brennevinsgrova AS.
– Dette gir oss motivasjon til å halda fram med arbeidet med å skape unike produkt som reflekterer smaken av Sunnmøre.

Tradisjon og innovasjon
Brennevinsgrova AS vart grunnlagt i 2019 av Harald Strømmegjerde på familiegarden i Straumgjerde på Sunnmøre. Med stor interesse for tradisjonelle metoder og lokale råvarer har han skapt produkt som har vunne fleire nasjonale og internasjonale prisar. Gjennom bruk av lokale råvarer som bringebær frå Valldal, butare frå Herøy og det krystallklare vatnet frå breane i Sunnmørsalpane, har bedrifta skapt merksemd og vunne fleire prestisjetunge prisar.

Merkevarebyggjing
Dagleg leiar Harald Strømmegjerde er drivkrafta bak merkevarebyggjinga av Brennevinsgrova. Designet på flaskene er tydeleg inspirert av den ville, bratte naturen i Sunnmørsalpane, og etikettane viser både dei lokale ingrediensane og at det ligg mykje håndverk bak produktet.

Harald Strømmegjerde, Brennevginsgrova, her saman med prisutdelar Mari Klokk Leite frå Innovasjon Noreg, Møre og Romsdal.
Foto: Mari Dorte Jønland Michaelsen/Innovasjon Noreg

Regiondirektør for Innovasjon Noreg i Møre og Romsdal, Helge Gjerde, fortel at han er imponert over prisvinnaren:
– Vi er stolte over å tildele bedriftsutviklingsprisen for 2024 til Brennevinsgrova AS. Harald Strømmegjerde har gjort eit imponerande arbeid med å byggje ei sterk merkevare som kombinerer tradisjon og innovasjon. Brennevinsgrova har ikkje berre skapt produkt av høg kvalitet, men dei bidreg også til lokal verdiskaping, meinar Gjerde.

Bedriftsutviklingsprisen i landbruket
Innovasjon Noreg deler kvart år ut bedriftsutviklingsprisen i landbruket på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet. Dette er ein bedrift- og næringsutviklingspris for dei som har etablert ei vellukka bedrift eller næring med basis i ressursar frå landbruket og bygde-Noreg. Kvart år vert det kåra ein vinnar i kvart fylke som får tildelt 50.000 kroner. Dei fylkesvise vinnarane kjempar deretter om den nasjonale prisen på 250.000 kroner.

Kjelde: Innovasjon Noreg