Information in English Information in English Informaci�n en espa�ol
       Informationen in Deutsch


     Norske Akevitters Venner
     Postboks 119, Manglerud
     0612  Oslo

     Tlf: 23 15 85 00
     Kontortid: 09.00 - 16.00

Våre sponsorer:








     Abonner på våre
nyheter (RSS)
     Abonner på alle
artikler (RSS)

    

080927. Bli med NAV Bergenhus til Ægir

Bli med NAV Bergenhus til Ægir Mikrobryggeri og Gildehall og bu på Flåmsbrygga Hotell i Flåm helga 27. til 28. september.

«Velkomen med æra»

Med tittelen til Geirr Tveitt sin vakre folketone vil Norske Akevitters Venner - dvs. Dei Rette NAV og Vestlandet si lokalavdeling Bergenhus, få ynskje våre medlemer og deira like: Velkomen med æra til Aud Melås og Evan Lewis si sanselege verd av kulinariske og arkitektoniske opplevingar ved Ægir Mikrobryggeri og Flåmsbrygga Hotell i den vakre Flåmsbygda i Aurland i Sogn helga 27. - 28- september i år.

Ægir har høve til å ta i mot fleire gjester enn som var tilfelle ved vår svært vellukka tur til Smalahovetunet og Fleischers Hotell på Voss i fjor, men sidan det likevel vil vera eit tak på kor mange det er plass til, vil me be om at du/de så snart det let seg gjera melder deg/dykk på til følgjande adresse:

Påmelding med betaling til kontonr: 9100 31 76628 innan 25. august, med namn(a) på den/dei påmelde.
Gjev melding med påmelding så snart som mogleg (gjerne i dag!) til
Julie Ann Kleppe
E-post: julakle@online.no
Telefon (samtale/tekstmelding): 971 27 528
Me må be deg/dykk om å betalar NOK 900 for kvar deltakar inn på kontoen til NAV Bergenhus.

Dette for den framifrå opplevinga me har blitt førespegla av vertskapet når det gjeld mat av kjent Aurlandskvalitet, Ægirbryggeriet sitt øl av Vallhall-kvalitet, omvisning med smaksprøvar og underhaldning. Ver også venleg å gje fråsegn om du/de ynskjer enkelt- eller dobbeltrom.

Pris for kvar person i dobbeltrom er NOK 635
Pris for kvar person i enkeltrom er NOK 835 (Ein gjer opp for rommet ved avreise frå hotellet.)

Det er sjølvsagt også høve til å nytte andre overnattingstilbod, dersom ein ynskjer det.
Me ber om at du/de tek kontakt med t.d. følgjande adresser:

Bubil, telt og anna:
Flåm Camping og Vandrarheim
5743 Flåm
Telefon: 57 63 21 21
Telefaks: 57 63 23 80
E-post: camping@flaam-camping.no

Leiligheiter:
Flåm Ferdaminne
Telefon 57 63 30 00
Faks 57 63 30 01
Nettside: www.flam-ferdaminne.com/
Adresse Pb. 84
5742 Flåm

Tilrådd reisemåte til Flåm:
Me vil særleg råde gjestane våre til å reise med Bergensbana til Myrdal, for så å unne seg å få oppleve den vakre med Flåmsbana ned til Sognefjorden. Også dei som har teke denne turen tidlegare kan få høve til å oppleve ein vakker haust frå høgfjell til fjord.
Anbefalt togavgang frå Bergen: Avreise kl 13:10.
Ankomst Flåm kl 16:55 med byte av tog på Myrdal. Reisetid: 3t45min .
Det går også høvelege tog frå Bergen kl. 10.28 og 11.10. Reisetida er omlag den same.

Dersom me, som på Voss i fjor, får den gleda å vera vertskap for våre Akevittvener austanfrå, går det korresponderande tog frå Oslo S same laurdagen kl 10.33. Dette toget kjem fram til Flåm kl 16.55, lik anbefalt tog frå Bergen. (Eit anna alternativ kan vera med avreise kl 08.11.) Toget frå Oslo kjem til Myrdal kl 15.01 og toget frå Bergen kl 15.25. Avgang til Flåm er kl 15.59

Nettadresse til NSB er: www.nsb.no/rutetabeller/

Dersom ein god del av gjestene våre ynskjer å reise med dei tilråda toga, med avreise frå Flåm kl 15.59, har Fru Presidenten i Bergenhus ytra frampå at ho kanskje vil møta våre gjester med Velkomen med Æra på Myrdal. I så tilfelle vil me vera glade for å få ei oversikt over kor mange som kjem med tog frå Bergen og Oslo til denne tida.

Ellers er køyretid med eigen bil frå Bergen omlag to og ein halv time. Ein kan også nytte «Norge i eit nøtteskal»-programmet for ei rundreise frå Bergen og Oslo via Flåm, der ein også får busstur til eller frå Voss via Stalheimsdalen og Gudvangen saman med ei båtreise gjennom slåande vakre Nærøyfjorden.

Kontakt følgjande nettadresse dersom du/de ynskjer denne reisa i kombinasjon med vår storslagne helg på Ægir Gildehall og Flåmsbrygga Hotell: www.norgeietnotteskall.no/ No vil me få dele opplevingane frå ei vidunderleg helg i Flåm med våre Akevittvener og akevittelskarar generelt i heile landet, og såleis invitere deg/dykk til å bli med for å ta del i Aud Melås og Evan Lewis sitt fjordevenetyr.


 tilbake