Information in English Information in English Informaci�n en espa�ol
       Informationen in Deutsch

     Norske Akevitters Venner
     Postboks 119, Manglerud
     0612  Oslo

     Tlf: 23 15 85 00
     Kontortid: 09.00 - 16.00

Våre sponsorer:








     Abonner på våre
nyheter (RSS)
     Abonner på alle
artikler (RSS)

    

Smalahovesuksess

Laurdag 6. oktober samla Norske Akevitters Venner avd. Hordaland og Gulen seg til smalahovefest på Voss. Me hadde fått eit framifrå pristilbod ved det vidunderleg vakre sveitserhotellet Fleischers på Vangen, medan sjølve smalahovefesten føregjekk på Smalahovetunet til Kjellaug og Ivar Løne på Skulestadmo. Absolutt alt, frå hotellet til transporten til Løno til smalahovefesten var inkje mindre enn PERFEKT.

Ekteparet Løne har verkeleg funne ei nisje dei i sanning har utvikla til eit kvalitetsprodukt. Leiar av festen var Kjell Fuglehaug, kjent frå sine fjernsynsprogram av ymse slag. Med seg hadde han underhaldar og toradarspelar Paul Jarle Grande.

Saman med verten sjølv, Ivar Løne, gav dei oss ei oppleving ein kun kan finna på Voss! Smalahova blei konsumerte under kyndig rettleiing, etterfulgt av eksklusivt lettrøykt pinnekjøt og der tilhøyrande drykk i form av Smalahoveakevitt, pilsnerøl og Lønefolket sitt eige heimebrygg.

Skoser og skrøner blei servert av dei tre karane i løpet av måltidet på slikt vis at ein må sei at jaggu er det sprett i balla til karane på Voss, og det er ikkje så reint lite liv under stakkane til kvinnfolka der i bygda heller, soleis at einkvar kan nok ynskje i likskap med Bergenstrubaduren Ove Tue «Ei svigermor frå Voss» etter å ha fått stifta kjennskap med Vossakulturen på eit slikt framifrå vis!
 
Me sette særleg stor pris på godt frammøte frå Akevittvener frå Austlandet: Heile tolv kom dei i følgje med toget til Voss, og me ynskjer dei andre austanfrå hjarteleg velkomne til liknande samlingar her i Vesterlei i framtida.

Akevittvenleg helsing frå Torill og Hans Atle


 tilbake